Skal du planlegge ei familiefeiring, eit frieri eller ein tur med vennegjengen? Eller kanskje du har fått ansar for å planlegge den neste blåturen i bedrifta, team building aktivitetar, møte eller ein liten konferanse?

Vi i Sogn Tours er klare til å hjelpe deg med å skreddarsy den perfekte opplevinga for nettopp deg.

Etter mange år i reiselivet her i Ytre Sogn har vi opparbeida oss eit stort nettverk av kontaktar og leverandørar i område. Denne kunnskapen ynskjer vi å dele med nettopp deg, anten du er gjest, eit reisebyrå eller eit firma som er på utkikk etter ei spesiell oppleving i Ytre Sogn. Her kan vi freiste med eit breitt utval av aktivitetar, alt frå kajakkpadling, båttur, kulturopplevingar, vikinghistorie og unike middagsopplevingar, vidare til overnattingsturar på fjellet med noko attåt.  

Ta kontakt med oss så skreddarsyr vi opplevinga til deg og dine ynskjer.