Guida fjelltur til Robba

Forespørsel

Bli med Mona på tur til fantastiske Robba og opplev ei panoramautsikt over Sognefjorden, fjelltoppar og ut mot havgapet i vest!

Forespørsel

Ytre Sogn er ein fantastisk destinasjon for fjellturar! Her har vi eit hav av fjelltoppar og løyper å velje mellom, og vi kan enkelt finne ein tur som passar for nettopp deg og den tida du har til rådigheit. Vår lokale guide Mona er lommekjent i området, og tar deg gjerne med på tur til Robba, ein av dei lokale fjelltoppane som ruvar 673 meter over havet. Dette er ein middels krevjande tur, der Mona guidar deg over hei og berg og opp nokre kortare parti med stigning til de når toppen. Startpunkt for turen er Gudmundsos, ca 10 km frå Lavik. Detaljert køyrebeskrivelse blir gitt med ordrebekreftelse. Totalt tar turen ca 4 timar, inkludert pausar undervegs. Hugs å ta med drikke, niste, gode fjellsko/terrengsko og klede i forhold til vêrvarsel. Turen er tilgjengeleg året rundt, og er like spektakulær både på dagtid og på kveldstid.

Dette er kun ein av fjellturane vi har å velje mellom i området. Her har vi turar for den som ynskjer å utfordre seg sjølv men óg for den som ynskjer ein roleg tur i flott natur. Kanskje du har høyrt om landemerka Alden og Lihesten, men ikkje har komt deg dit endå? Ta kontakt med oss for eit skreddarsydd opplegg. Vi garanterar deg ei minnerik naturoppleving, lokal kjennskap og ein garantert køfri tur! 

Høydepunkt

  • Ein middels krevjande fjelltur, noko stigning
  • Cirka 4 timar, inkludert pausar
  • Lokal guide
  • Panoramautsikt 
  • Garantert køfritt

Reiserute

  1. Lavik