Ei annleis vikinghistorie

Forespørsel

Utforsk ei ukjend side av vikingtida!

Forespørsel

Vikingane har markert seg i historia som dyktige båtbyggjarar, sjømenn, oppdagarar og navigatørar, men óg for brutale handlingar som førte frykt over store delar av Europa. Men, er dette alt vi veit om vikingane? Bli med oss til Hyllestad og oppdag ei heilt annleis side av vikinglivet.

Vikingane var nemleg óg dyktige steinhoggarar og handelsmenn, og i Hyllestad spesialiserte dei seg på eit produkt: kvernsteinen. Gjennom århundra har fleire tusen skip gått frå hamna i Hyllestad fullasta med kvernsteinar. Produksjonen her var faktisk så stor at steinbrota er blant dei største kulturarvstadane i heile Noreg. Her kan du framleis sjå tydelege spor etter vikingane. 

Bli med vår lokale guide og høyr den fascinerande historia til vikingane i Hyllestad. Lær om korleis ein så liten plass som Hyllestad vart Skandinavias største produsent av eit av dei viktigaste reiskapane i kvardagen, nemleg handkverna. Som ein del av turen vil de kverne korn med handkverna, bake brød over bål og hogge kvernstein, berre ved hjelp av ei hakke.

Høydepunkt

  • Lokale guidar
  • Ca 1,5 time
  • Prøv deg som steinhoggar og lær deg å kverne mjøl med handkvern
  • Bak ditt eige vikingbrød

Reiserute

  1. Hyllestad