Sykkelutleige

Bestill nå! Forespørsel

Fra NOK 225

Vi tilbyr utleige av både vanlege syklar og terrengsyklar for vaksne. Her har vi den rette sykkelen for deg som ynskjer å oppleve fjordlandskapet på to hjul. 

Fra NOK 225

Bestill nå! Forespørsel

Ein kjekk og utfordrande måte å utforske Sognefjord området er på sykkel. Saman med sykkelen gir vi deg våre anbefalte sykkelruter for å oppleve området. Her er det ruter som passar for ein kvar syklist, enten du er ein entusiastisk nybegynnar eller godt erfaren.

På nordsida av Sognefjorden kan vi anbefale ulike ruter, der i blant ein tur til sjarmerande bygda Leirvik eller over til Hyllestad. Turen til Hyllestad er noko utfordrande med to meir bratte parti, men er vel verdt utfordringa. Sykkelturen til Hyllestad kan kombinerast med eit besøk i Kvernsteinsparken, der du kan ta turen tilbake til vikingtida, lære å male korn og steike brød på bål i ekte vikingstil.

Eit anna alternativ er å ta ferja over til sørsida av Sognefjorden og utforske den andre sida av fjorden. Besøk den sjarmerande bygda i Ikjefjorden, eit perfekt utgangspunkt for fjellturar, eller hald fram til Massneset Villmarksmuseum, eit unikt museum der ein kan lære om lokal kultur og dyreliv. Her kan ein óg oppleve den spesielle tiurleiken på nært hald i mai og juni.  

Høydepunkt

Vi har to typar syklar, hybridsykkelen Scott Sub Cross 45 er den perfekte sykkelen for dei fleste sykkelturar. Om du har tenkt å ta deg ein avslappa tur langs Sognefjorden eller ynskjer ein lengre og meir utfordrande tur over Lavikdalen til Hyllestad, så er dette den perfekte sykkelen for deg.

  • 24 gir
  • Dempegaffel
  • Breie dekk
  • Hjulskjermar som beskyttar mot smuss
  • Passar til både asfalt og grus

Tursykkelen vår, Merida Hybrid Freesport 8 er den perfekte sykkelen for bedagelege turar langs fjorden til Ikjefjorden, Massneset Villmarksmuseum eller til Kvernsteinsparken i Hyllestad.

  • 8 gir
  • Oppreist posisjon

Sykkelhjelmar og refleksvest er inkludert i leiga.

Syklane hentast og leverast på Lavik Fjord Hotell i Lavik.

Reiserute

  1. Lavik