Kjetil i smia

Forespørsel

Den fascinerande kunstforma å smi metall har blitt utført gjennom fleire hundre år. I byrjinga var denne kunstforma sett på som ei magisk evne. Smedane hadde høg status i samfunna og mange av dei reiste rundt mellom gardane som ikkje hadde ein eigen smed. Mykje har endra seg sidan dei dagar, men kunsten å smi metall er framleis nettopp det: kunst. 

Forespørsel

Bli med  til smia til Kjetil og få eit innblikk i det historiske arbeidet samt kvardagen til smeden i dag. Kjetil er ein handverkar med omfattande erfaring med å lage verktøy og beslag til verneverdige bygningar. Han har jobba med fleire av stavkyrkjene og kulturhistoriske bygningar i heile Noreg, samt beslag på fleire skip og båtar frå slutten av 1800-talet. Opplev kunsten med å smi metall på den tradisjonelle måten med raudglødande kol, hammar og ambolt på nært hald. 

Presentasjonen tar omtrent 1,5 timar, alt nødvendig sikkerheitsutstyr blir utdelt i smia. Servering av kaffi og te undervegs. 

Høydepunkt

  • Opplev kunsten å smi metall på den tradisjonelle måten med raudglødande kol, hammar og ambolt.
  • Demonstrasjon av ulike teknikkar for korleis ein kan gjere det glovarme metallet til verktøy og dekorative pyntegjenstandar. 

Reiserute

  1. Torvund